På disse sider publiserer blogtidsskriftet Knokkelklang sine artikler og andre skriverier. For mening og oversikt, gå til hovedsiden.

Er teksten for bred for deg? Justér bredden på vinduet ditt.

tirsdag

Leirliv med Ilsa

Nazisploitation: Sex, tortur og anna forlysting i filmverda

Av Kristian A. Bjørkelo


Ilsa troner over dei alle, som den barmfagre dronninga av alle nazistiske kommandantar i den marginale nazisploitationsjangeren.



Det er vanskeleg å seie kva som kan få nokon til å lage filmar som Ilsa, She-Wolf of the SS, men den er berre ein av dei meir kjende i ein heil sjanger. Ein sjanger som kombinerer sex, tortur, medisinske eksperiment og nazisme til eit heller smaklaust leirliv. Holocaust som ein seksuell forlystingspark.

Eg vil ikkje freiste å forklare kvifor nokon ser nazisploitation, eller kvifor nokon vil lage det. Eg er ingen psykolog, eller ein ekspert på menneskets seksualitet. Eg er berre ein enkel mann, som har kasta meg på granaten og sett ein film for mykje. Og det kan lett hevdast at den filmen var Ilsa, She Wolf of the SS, eller SS Girls, eller Love Camp 7, eller SS Hell Camp, eller ... ja, du forstår kvar eg vil.


Exploitationfilm

Den originale Ilsa-filmen fell inn i ein sjanger som ikkje er like lett å avgrense eller plassere filmhistorisk. Ikkje fordi vi ikkje veit korleis den oppstod, men fordi den oppstår som ein del av eit komplekst sett av sjangrar, med særs varierte forgjengarar.

Nazisploitation er kort for nazi exploitation, og er ein avart av sexploitation, som er kort for sex exploitation. Dette er i seg sjølv ein relativt stor underkategori av exploitationfilmane, som kom i full blom i USA på 70-talet. Exploitationfilm er film som utnytter ein marknadssegment og ein tematikk til det fulle.

Det klassiske dømet er blacksploitationfilmar som Shaft og Foxy Brown, som er billige filmar for svarte innbyggjarar i bykjerna og som var sett til eit bymiljø dei kunne kjenne seg att i, med hovudroller som dei kunne identifisere seg med og sjå opp til.


Det temaet som kanskje er mest innbydande å utnytte er sex. Sex har vore utnytta i populærkulturen til alle tider, og med sexploitation vart det fullendt. Dette er særs mjuke pornografiske filmar, som på sett og vis er forgjengarar til sex-komedien. Ein kan gjerne kalle sexploitationfilmar for filmar med plottet og sexfokuset til pornografi, men utan faktisk pornografi. Nokre sexploitationfilmar gjekk sjølvsagt lengre enn andre, men som regel gjekk grensa ved «full frontal nudity» – m.a.o. puppescener. Sjangeren har sitt opphav i 50- og 60-talets sleazefilmar, som gjerne hadde sex og synd som tema, utan å vise mykje av det.

Sexploitation tenderar gjerne mot ulik fetisjisme og mot seksualisert vald, og det var ikkje uventa at det oppstod spesialiserte former for sexploitation, som rape-revenge, nunsploitation og, sjølvsagt, nazisploitation. Denne besynderlege sjangaren kopla saman to ting, beggje ganske tabu, som er i stand til å forføre folk i hopetal: sex og nazisme.


Nazisploitation

Ein kan avgrense nazisplotation til filmar som er satt til eit synleg «nazistisk» miljø, helst ein fangeleir eller eit bordell i det tredje riket, med ein scenografi prega av godt synlege hakekross og tyske uniformar, og med eit fokus på sex og sadomasochisme.

I ein slik definisjon utelukkar ein filmar som The Black Gestapo, med sitt manglande fokus på sex og nazistisk miljø, og som best nok kan karakteriserast som ein Blacksploitation, sjølv om den ofte vert inkludert blant nazisploitation fordi filmen speler så sterkt på ein tidvis absurd parallell mellom The Black Panther Party og Nazismen.


Ein utelukkar gjerne òg Pasolini sitt meistarverk, Salo – 120 dagar av Sodom, som mange reknar for å vere ein del av sjangeren.

Ein inkluderar sjeldan andre media enn film i nazisploitaitonomgrepet, men ideen om å utnytte nazisme og sex i kombinasjon er nesten like gammal som nazismen sjølv. Allereie før krigen var slutt hadde pornografiske skildringar av nazistanes vondskap dukka opp, og etter krigen vart det vanleg kost i sadomasochistiske manneblader. I Israel, som ein følgje av rettssaka mot Eichmann, vart Stalags-pocketbøkene bestseljarar. Dette var pornografiske bøker satt til tyske fangeleiarar, og som skildra nazistane som grufulle, sadistiske overgrepsmenn.

Ubehag er eit nøkkelord når det kjem til det meste i ein nazisploitation, særleg når ein kjem til dei seksuelle elementa. Sexen i ein nazisploitation er sjeldan noko som nytast av beggje partar. Forutan eit par hederlege unntak, er fokuset i den seksuelle akten i ein nazisploitationfilm på ubehagjet kvinna opplev ved å verte tvungen til sex, gjerne under ganske forferdelege tilhøve. Sex skal simpelthen ikkje nytast.

Ein nazisploitation kan innehalde både sex og sadomasochistisk tortur, eller berre eit av desse elementa. Den sadomasochistiske torturen tenderar mot grove medisinske eksperiment, med seksuelle undertonar, som speglar nokre av dei meir hårreisande forsøka gjort på menneskja i dei faktiske konsentrasjonsleirane.

Eit passande døme på dette er opningsscena i La Bestia In Calore (Beistet i løpetid), eller SS Hell Camp som den heiter på engelsk, der ein vert presentert for ein hårete halvmann i eit bur som får ein ung, antaglegvis jødisk, jente kasta inn til seg. På kommando frå den kvinnelege skurken valdtar dette beistet den stakkars kvinna, til stor glede for dei tyske soldatane og uniformerte vitskapsfolka som er vitne til det heile.

Og på tross av at alle oppvakte auge får med seg at beistets "utstyr" heng og sleng i alle retningar, og er alle andre stader enn i kvinna, så døyr hans offer av denne handsaminga.


Misogynien ligg tjukt i lufta, men det er heller ikkje mannens nyting som vert framheva, men kvinnas liding. Og den erstattast gjerne av menns liding, som i tilfellet med dei mange kastrerte menn i Ilsa, She-Wolf of the SS.

Ein nazisploitation byrjar gjerne med ein påstand om at den er basert på ei sann historie, og faktisk, det må ein gjerne godta at dei er. Ilsa, She-Wolf of the SS og Salon Kitty er basert på reelle hendingar. Attåt merkelappen om at det er basert på ei sann historie, er det ofte òg obligatorisk at filmen skal vere ei åtvaring for framtida for å hindre at noko slikt skal skje att. Dette lyder sjølvsagt veldig holt i øyra på ein kvar som er kjent med sjangerens innhald.


Love Camp 7

Den første nazisploitation var Love Camp 7 frå 1969. Denne filmen er i stor grad hjartebarnet til den særs smaklause Bob Cresse, som skreiv historia, var medprodusent og spelte hovudrolla som den liddelege kommandanten. Han vart av sine venner omtala som skapnazist og våpenfetishist, noko som kjem fram i filmen og dens mange scener med kamera dvelande på både våpen og uniformer.

Love Camp 7 handlar om ein leir som kombinerar bordellverksemd med medisinske eksperiment, og har alt det sjangeren kom til å verte kjent for; inkludert støvleslikking, audmjukande sex, valdtekt, lesbesex og ein grand finalè i form av ein orgie – før skurkane får si straff.

På tross av at den seinare vart overgått av andre filmar, er det noko spesielt over Love Camp 7 i sin "ferskhet". Særleg det at Bob Cresse sin seksuelle iver skinn gjennom i fleire av scenene, og han nytta kvart einaste høve for å nyte den makta og sadismen som hans kommandantrolle gav rom for. Det er tydeleg at ubehaget dei unge jentene gjev uttrykk for i hans hender er ekte, ikkje minst gjeld dette for det såkalla "Seat of honour", ein trebukk med metallkant som utvalte offer i Love Camp 7 måtte sitt skrevs over.

Bob Cresse forsvann frå industrien etter å ha blitt skutt i magen av sivilt politi. Han trakk våpen mot dei medan dei arresterte ei ung jente, og dei svarte med same mynt. Etter ryktene måtte han tømme sin sveitsiske bankkonto for å dekke legeutgiftene etter episoden, men helsa kom seg aldri og han døde i 1994 av hjartesvikt.

Love Camp 7 etablerar elementa som etterfølgjande filmar gjorde sitt beste for å perfeksjonere eller overgå. I åra som følgde kom det fleire filmar som kopierte oppskrifta, men av desse er det Ilsa, She-Wolf of the SS som har nådd ein verkeleg legendarisk status. Og det er med Ilsa at sjangaren verkeleg tar av.


Ulvekvinna

Ilsa: She-Wolf of the SS dukka først opp på lerretet i 1975, og skulle få to offisielle oppfølgjarar, og minst to uofisielle. Og medan oppfølgjarane var utrivelege i seg sjølv, så var det berre den første av desse filmane som var å rekne som ein rein nazisploitationfilm. Ilsa, Harem Keeper of the Oil Sheiks og Ilsa, Tigress of Siberia, dei to offisielle oppfølgjarane, er å rekne som Women-in-Prison (WIP), då dei følgjer Ilsa sine eventyr etter krigen.

Ein fjerde offisiell Ilsa-film var dog planlagd, under tittelen Ilsa meets Bruce Lee in the Bermuda Triangle, men den vart naturlegvis, og kanskje heldigvis, aldri noko av. Filmane var openbart inspirert av sleazefilmane om Olga, som mellom anna opererte som spion for kinesiske kommunistar, medan ho solgte stakkars, uskuldige kvite jenter inn i slaveri.

I den første filmen møter vi Ilsa som kommandant for Medical Camp 9, der ho prøver å prove at kvinner har større toleranse for smerte enn menn – medan ho på kveldstid leiter etter mannen som er i stand til å tilfredsstille henne. Dei mennene som mislukkast vert sjølvsagt kastrert, medan Ilsa flirer sadistisk av det heile.

Ilsa var basert på Ilse Koch, den famøse "Tispa frå Buchenwald", kona til Buchenwaldkommandanten Karl Koch, som tok ei aktiv rolle som SS Aufseherin i leiren, dvs. ein overvakar. Ilse nytta sin posisjon til å uttrykkje sin botnlause sadisme, og det same gjer kommandant Ilsa, ulvekvinna av SS.

Ei anna inspirasjonskjelde for karakteren var Irma Grese (bildet under Ilse) som tenestegjorde i Ravensbrück, Auschwitz-Birkenau og Bergen-Belsen, og på lik linje med Ilse Koch har gått inn i historia som ein av det Tredje Riket sine mest brutale kvinner. Overlevande fortalde om seksuell mishandling, pisking, tortur og at ho skal ha svolte trente kamphundar og sluppen dei laus på fangar – for å forlyste seg sjølv.

Ilsa har med andre ord gode førebilete i den verkelege verda, og handlinga i filmen er ein buffet av den eine umenneskelege gjerninga etter den andre. Dei færraste er difor overraska over at den jødiske produsenten, David Friedman, fjerna namnet sitt frå produksjonen. Filmen står oppført som produsert av Hermann Traeger.

Friedman var dog ikkje framand for å bidra til ganske kontroversielle produksjonar, og har erklært seg kongen av trashfilm. Han produserte mellom anna den klassiske Blood Feast, den allar første reindyrka splatterfilmen, og medvirka til den klassiske Erotic Adventures of Zorro. I tillegg dukka han faktisk opp som ein lidderlig general i Cresse sin Love Camp 7, den første nazisploitationfilmen.

Han hadde med andre ord langt meir pragmatiske årsaker til å ikkje la namnet sitt stå på filmen. Ilsa vart laga på eit stramt budsjett, kun 150 000 dollar, og mykje av desse pengane forsvann inn i heilt andre ting enn filmproduksjon. Pengane gjekk gjennom så mange bankkontoar på vegen til produksjonsteamet, at det vert ofte – på skjemt – hevda at filmen faktisk var ein kvitvaskingsoperasjon.

Friedmans problem låg her, han var lei av at pengeproblema hindra han i å lage filmen han ville lage, og då dei canadiske sponsorane ville klippe meir kasta han inn handkle, og lot dei gjere som dei ville med filmen. Namnet hans fekk dei derimot ikkje nytte.

På tross av budsjettproblem klarar filmen å halde ei overraskande høg kvalitet, og det var mange talentfulle menneske som la hjarte og sjel i produksjonen. Det hjelpte ein del at kulissane var ferdigbygde, og var tidlegare nytta til innspelinga av krigsserien Hogan's Heroes. Dette var òg det same studioet der dei klassiske filmane om Rakkarungane vart spelt inn.


Ein feministisk helt?

Dyanne Thorne, skodespelar og Vegas-dansar, spelte rolla som Ilsa, og meistra rolla som den myndige blondina godt. Thorne er ei høgreist blond kvinne, med ein solid byste, og ein stemme som vil gje deg gåsehud, både på godt og vondt. Få andre kunne fylle den stramme tyske uniforma på same vis ... med utringing meir utprega enn Grand Canyon.


Ho og dei andre som står bak filmen, likar å omtale Ilsa som den første kvinnelege filmskurken – og trekk fram at ho er den første kvinnelege skurkerolla som ikkje er ein handlangar til ein mann, eller på noko som helst anna vis er avhengig av ein mann. Ho er uavhengig og sterk, og særleg Dyanne Thorne likar å trekkje parallellane til kvinnerørsla. Thorne omtalar seg sjølv som feminist, og meiner at rolletolkinga er eit uttrykk for dette. For henne er Ilsa ei sjølvstendig kvinne, med ein sjølvstendig seksualitet; ho er øverst, og har kontrollen over mannen i den seksuelle relasjonen. Ilsa er ei kvinne som utnyttar menn for si eiga seksuelle nyting.

At nokon vil hevde at ein film om sado-masochistisk tortur og kvinnemishandling er uttrykk for seksuell frigjering og feminisme, er sjølvsagt ikkje lite latterleg. Thorne si eiga framstilling av rolla som Ilsa fell òg på si eigen urimeligheit, då Ulvekvinna til sjuande og sist fallar for ein manns hand. Det er til slutt ein amerikansk krigsfange, høg, blond og av tysk ætt, som klarar å tilfredsstille Ilsa. Når det skjer kollapsar hennar forsvar fullstendig, og ho kastar seg for føttene for denne adonisen – som sjølvsagt rundlurar henne og iverksett ein massiv flukt.

Ilsa vert til slutt drepen av ei enkel kule, skutt av ein mannleg soldag som finn henne bunden fast i senga der hennar elskar etterlot henne. Ikkje akkurat ei solskinnshistorie for feministisk frigjering.


Ilsa lev

Ilsa dukka opp lys levande i to oppfølgjarar, og haldt fram sine ugjerninger der, og som det ultimate uttrykk for nazisploitation er ho minst like seigliva. Av alle nazisploitationfilmane, så er Ilsa, She-Wolf of the SS framleis den mest omtalte og kjende. Ho er for nazisploitation det Shaft er for blacksploitation, og er eit stadig referansepunkt for å forstå sexploitation.

Ilsa og andre exploitationfilmar har inspirert både store og små filmskaparar i seinare i tid. Då ein ung, og til då ukjent nerd freista å få solgt manuset til si romantiske actionkomedie, gjekk han til regissøren av Ilsa for å få den finansiert. I møte med den velkjende sleazefilmskaparen Don Edmonds kunne den unge filmnerden liste opp alle av regissørens mange filmar, inkludert fleire han sjølve hadde gløymd. Ikkje nok med det, den unge mannen kunne sitere heile Ilsa, med stor iver!

Edmonds hadde ikkje lågge på latsida sidan Ilsa, og hadde stått bak og medverka til både exploitation og mainstreamfilm; mest underleg er hans faste rolle i spaningsserien Hunter med Linda Evans på 80-talet, og at han regisserte og produserte pilotepisoden til Silk Stalkings, krimserien i Noreg kjent som Silke. Imponert av den unge mannens entusiasme og kunnskap bestemte Edmonds seg for å produsere filmen; manuset var True Romance, og det kom til å verte ein av dei første filmane til den no så velkjente Quentin Tarantino.

Tarantino har sidan då gjort karriere på å vekke til live exploitationfilmen, og ved å utnytte rått alle klisjeane frå desse filmane frå 70-talet, har han vekt stor merksemd blant eit ungt publikum som ikkje kjenner til opphavet. Jackie Brown var ein open homage til blacksploitationsjangaren, og kunne skryte av sjangarstjerna Pam Grier i hovudrolla. Mindre villig har han vore til å skryte av at Kill Bill er eit bidrag til Rape-Revenge sjangaren og i stor grad basert på den svenske Thriller: En grym film, ein av dei meir markante, grove og kunstnariske i sjangeren.

I lag med Robert Rodriguez har Tarantino tatt fleire steg for å vekke til live att exploitationsjangeren som eit populærkulturelt fenomen. I forbinding med sine seinare filmar, har dei to òg finansiert falske trailerar for exploitationfilm i 70-tals stil regissert av andre unge regissørar. Til dette har industrimusikaren og showmannen Rob Zombie bidratt med ein trailer til Werewolf Women of the SS, ein vassekte nazisploitation med Udo Kier og Nicholas Cage blant stjernene.

Denne traileren viser fram alt det essensielle ved ein nazisploitation, sadisme, medisinske eksperiment sex og til og med song, eit ofte brukt "mjukt" element i filmane. Fleire av desse såkalle Grindhouse-trailerane er i ettertid vurdert for innspeling som langfilmar (lik det som skjedde med traileren for Kill Buljo, den samiske Kill Bill-parodien). Det er uvisst om Werewolf Women of the SS vil vere blant dei som vert ein realitet, men alt tyder på at det er interesse for å gje nazisploitation ein renessanse i lag med resten av 70-talets exploitationsjangrar.


På plass i hylla

Eit godt teikn på den aukande interessa er hyllene hjå Platekompaniet i disse dagar. Der kan ein utan store problem finne nazisploitationfilmar, i lag med anna exploitaitonfilm, som rape-revenge og blacksploitation. Helst i tilbodshylla, i lag med meir mainstreamfilm, til 100 kroner og mindre.

Dette er eit sterkt brot med det viset desse filmane har vore distribuert tidlegare. Før vart filmane distribuert av mindre distribusjonsselskap utan særleg rekkjevidde, og folk flest vart introdusert for filmane gjennom lukka miljø av filmentusiastar, der sexploitation og anna undergrunnsfilmar var byttevarer.


Sjølv med framveksten av internett og fildeling var desse filmane knytt til mindre miljø med ein uttalt interesse for det marginale og det ekstreme. Det har difor alltid vore ein terskel å måtte gå over for dei som ville sjå slike filmar. Dei var ikkje lett tilgjengeleg, og informasjon om dei var heller ikkje utbreidd, og miljøa med tilgang var små. Det å oppsøke desse miljøa var i seg sjølv ein uformell initiering, ein terskeloverskriding.

Noko eit spontankjøp av Ilsa-boksen på Platekompaniet ikkje er. Ein fargerik boks, med eit innbydande bilete og den forlokkande påskrifta "Endelig lovelig [sic] og uklippet i Norge".

Og Ilsa er ikkje åleine om å finne vegen til Platekompaniets tilbodshyller. Og slik lev Ilsa og det perverse leirlivet vidare i populærkulturen i desse dagar.


Forfatteren: Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist av utdanning, utøvande frilansskribent og livssynsmessig vrang. Som fast redaksjonsmedlem for Pegasus, redaktør for nyhendesida n4f.no, og bidragsytrar til mellom anna Fri Tanke og Forskning.no, opererer han der populærkultur, det politiske, og det absurde møtast. Han er hovudansvarleg for det burleske selskapet Absalong i Bergen og er til dagleg tilsett ved Universitetet i Bergen, der han forlystar seg med byråkratiske gjeremål. Han kjemper ein dagleg kamp mot pandaenes komande terrorvelde, Pandamonium, og bloggar tidvis om dette og anna svada på Ïa! Ïa! Hastur Fthaghn!