På disse sider publiserer blogtidsskriftet Knokkelklang sine artikler og andre skriverier. For mening og oversikt, gå til hovedsiden.

Er teksten for bred for deg? Justér bredden på vinduet ditt.

søndag

I vindens ekstase

Ei novelle av Kristian A. Bjørkelo


Skogen virker livlaus. Og vinden, som raslar lyngen og lauvet, er gamal og tung. Eg kan smake århundrer på den om eg opner munnen og svelger. Ein tenkjer gjerne ikkje over det, at vinden kan verte eldre, eller at ein kan kjenne aldaren på smaken. Eg veit at eg aldri tenkte over det. Det hadde aldri falt meg inn. Ikkje før eg kjende smaken av ein frisk nyfødd vind blåse gjennom enga. Etter det var det ingenting som kunne måle seg, og mitt hjarte drog meg alltid attende til den staden. Eg kan hugse det som om det var i går.

Og eg vil alltid hugse det som om det var i går. For det vil alltid vere det ferskaste minnet eg har. Det vil alltid vere det første og siste eg hugser.

Eg var lei av å danse, og lei av lyden av tunge suggererende trommar. Lei av blinkande strobelys, og sveittande kropper. Lei av kvelden og gjorde meg klar til å gå. Lei av å gå ut, og tenkte at eg skulle bli heime resten av helga. Det var ganske seint, og eg var ikkje så reint lite full. Eg merka beina svaie då eg tok nokre steg unna dansegolvet, vekk frå dei dansande ungdommane. Dei var for det meste kledd i svart og mørke farger, og sminka likeeins. Dei var henta rett ut frå ein film av Tim Burton eller ein av dei tyske ekspresjonistane. Nettingstrømper på armane, lakk, lær og blonder. Du veit kva slags stad det var, ein kvar by av moderat storleik har ein stad der musikken er tung, hard, aggressiv og dyster.

Rommet var fylt av obskure lydar frå 80-talet; tunge og djupe drønn som slag mot hule stålveggar, og ein vokal som gjekk i eitt med bassen. Eg likar å påstå at eg ikkje ante kvifor eg stadig endte opp der, men det er løgn. Eg trivdes. Eg likte - eg likar - musikken, og folka var artige. Det er berre lett å verte lei av det heile òg. Slik som den kvelden; vinflaska var tom og dei eg kom med hadde gått heime allereie, så eg tenkte eg kunne følgje deira gode døme.

Eg var berre gått to steg vekk frå bordet der eg hadde plassert mitt tomme vinglas, då eg vart stogga av to mørke auge som stirra mot meg. Først etterpå merka eg hennar ustrakte hand mot brystkassa mi. Handa vandra flytande opp langs halsen min, og la seg kjøleg mot mitt varme kinn medan ho tok eit, kanskje to, steg nærare. Ho pressa seg mot meg. Eg hugser dufta av friske barnåler og jasmin. Eg hugser eg lurte på kva slags parfyme det kunne vere. Eg trudde ein augneblink ho skulle kysse meg, der og då, men ho lente seg berre delvis inn mot meg. Og smilte. Før ho rygga, framleis smilande, inn mot dansegolvet. Hennar hofter svaiande som siv i vinden, i takt med den seige, mørke bassen.

Eg lot meg trekkje av gløden i auga hennar, og fulgte sporet av dufta hennar mot dansegolvet. Ho hadde på seg ei svart, tettsittande skjorte med vide ermer. Buksene var likeeins trange, men vida ut i blonder mot føttene. På føttene hadde ho grøne sandalar. Eg ville ikkje lenger gå. Eg ville danse. Eg ville gripe henne. Eg ville ta ...

For kvart steg nærare eg tok henne, dansa ho eit steg bakover med eit flir. Ho lo og strekte armane sine mot meg, og eg tok i mot. Drog henne til meg med ei snøgg rørsle, og sugde til meg aromaen hennar. Ho la andletet mot øyret mitt og kviskra det eg oppfatta som namnet hennar, Agathe. Eg smilte og gav henne mitt namn attende.

Eg kyssa henne då, instinktivt og hardt. Eit kyss som varte i ei eve, ei omfamning så tett som berre eit ufødd barn kan kjenne. Eg kunne kjenne vinden mot ryggen. Eg høyrde den springe gjennom graset og lauvet. Eg kunne kjenne måna sitt lys mot nakka mi, lenge før eg såg den skinne ned mot oss. Eg ensa kroppene rundt oss, varmen frå dei strålte mot meg i lag med den kalde vinden. Eg reagerte ikkje då Agathe byrja å vrenge skjorta mi over hovudet mitt, og først når kysset, dette eviglange kysset, vart avbrote, vart eg var på kvar eg var.

Eg stod no, med den mørke jenta framfor meg, i ei gresskledd klarning i ein skog, med månen lysande sterkt som aldri før på nattehimmelen over oss. Fjernt vekke kunne eg høyre musikken frå nattklubben, men den var så godt som overdøyvd av fløytespelet som eg brått vart klar over. På nattehimmelen dansa skarpe stjerner i ring rundt månen, og rundt meg var fleire menneskeskikkelser, både heilt og halvt avkledd, som dansa i takt med stjernene. Der og då var det som den mest naturlege ting i verda, som om eg var komen til den einaste staden der eg var trygg.

Vi dansa til lyden av raslande gras og løv, fløytespel og rytma av nakne føtter mot av bakken, medan eg ivrig trakk av henne kleda. Vi dansa. Snøggare. Og atter snøggare. Sveitten rann og latteren trilla lett og ledig. Dans og rytme gjekk mot sitt klimaks, våre bein vikla seg inn i kvarandre og vi fall mjukt mot graset og vart liggjande. Og dansen hald fram der, i selskap av dei andre rundt oss.

Eg vakna av vinden mot kroppen, den var frisk og ny. Den kjærteikna kvar millimeter av min nakne kropp. Sylskarp var sola, og eg lukka auga med ein gong eg hadde opna dei. Eg var framleis i ei lysing i skogen, og eg låg i graset like under ei steinstøtte. Agathe - eg hugsa namnet hennar - stod naken ved sida av støtta og såg ned på meg. Hendene hennar leika med dei innhogga teikningane i den tre-fire meter høge steinen; ho smilte løyndomsfullt mot meg. Vi var åleine no. Dei andre hadde forsvunne før morgonen kom.

Blikket hennar følgde meg medan eg reiste meg opp, og eg prøvde å ta til meg mine nye omgjevnadar. Graset under meg, som kilte fotsålen min og som stakk frekt opp mellom mine sprikande tær, var duggfriskt og grønt, grønt av typen du berre ser i lett gjennomskuelege digitale bilete. Rundt meg stod trær og strekte seg mot ein lyseblå himmel, to-tre lette klynger av kvit bomull vandra sakte og målretta over himmelen som skip på havet i eit maleri.

Kitsch. Kitsch var det einaste ordet som strakk til. Det var simpelthen for perfekt, for urøyrt av realitetar. Utan heilt å vete kvar eg skulle gripe tak i alt rundt meg, vendte eg meg mot steinstøtta og figurane hugd inn i ho. Øverst på den lysegrå steinstøtta var ein sirkel eg forstod representerte månen, eller sola. Under sirkelen var ein krans med figurar utan menneskelege trekk, men det var tydeleg at dei dansa. Dei var hovudlause, armlause og beinlause masser, auger og tentaklar som strakk seg i uforståelege vinklar. Raden under var meir menneskeliknande, men ikkje heilt, dei var høge, med armar som strakk seg til bakken og knea såg ut til å bøye seg feil veg. Hovuda virka for lange, ikkje i høgda, men i lengda, som om dei var strekt ut både framme og bak.

Eg lot auga gli ned, og figurane under var heldigvis attkjenneleg som menneske. Rad på rad nedover med menneske som dansa kring steinen, og mellom dei var det rissa inn symboler som gav meg ingen meining då, men som no gjev meg frysingar ...

Eg gjorde som henne og leikte med fingrane med den øverste raden av vesen. Lot fingrane følgje linjene mot hendene hennar, og når dei møttes såg eg mot henne. Og ho såg mot meg, forventingsfullt. Og eg spurde det einaste spørsmålet eg kunne; kva er desse figurane?

Eg angra med ein gong eg høyrde svaret. Eg reagerte med instinktiv frykt, avsky og kvalme utan å forstå kvifor; den forståinga ville først kome i åra som følgde. Ho smilte mot meg og ramsa opp namna på vesna, namn som eit menneske aldri bør høyre eller forstå, namn som K'nan, Yoharneth-Lathai, Mãna-Yood-Sushãi, Azathoth, Nyarlathothep, Shub Niggurath, Zuul og Dagon. Ho las dei opp som ein prest les slektstrea i første mosebok; med ein brennande glød og entusiasme som ein berre unnar sin store lidenskap, sin livs kjærleik.

Eg vart ståande og sjå på henne tale med aukande intensitet og fryd, medan den kalde vinden svøpte rundt steinen og min nakne kropp. Eg hadde stilt mitt første spørsmål, og eg grua meg allereie til å stille mitt andre. Så eg sa ingenting, og lot henne halde fram. Under raden av unemnelege gudar var deira tenarar og sendebod, forklarte ho, dei dirigerte og koreograferte dansen og dansarane, og stod mellom menneska og avgrunnen, mellom menneska og det høgaste. Og under dei var dansarane, menneske frå nær og fjern, som satt Gudane si vilje ut i liv; det var meg og dei andre rundt meg i natta som var. Eg lot det openbare spørsmålet vere, eg ville ikkje vete kvar ho passa inn. Ikkje då, og ikkje no når eg veit det.

Ho venta heller ikkje på noko spørsmål. Ho plukka opp kleda våre og kasta mine mot meg. Vi måtte gå. Dei andre hadde gått for lenge sidan, og vi hadde eit stykke å gå i dag. Kleda hennar var ikkje dei same ho hadde hatt dagen før; eit enkelt grønt lendeklede, og to store armband i gull som ho trakk på seg. Eg valte å berre ta på meg buksa, og stappa skjorta halvvegs ned i eine lomma. Eg hadde byrja å verte vant til den kalde brisen. Eg hadde byrja å sette pris på den. Eg ville kjenne naturen mot kroppen.

Eg fulgte henne lydig ut av lysinga, og inn i skogen. Mellom trer og busker. Over stokk og stein. Vi haldt eit lett joggetempo, greiner piska mot kroppen min og eg smilte kvar gong. Mosen under beina virka fersk og urgamal på same tid, ein evig storleik - og der var eg, barføtt springande frå stein til stein, frå tue til tue.

Eg måtte jo smile. Slik måtte det ha vore for det første mennesket, den første homo sapiens. Det var vanskeleg å undertrykke lattaren der eg sprang etter den vakre jenta i lendekledet, gjennom den grønaste skogen eg nokon hadde sett. Ikkje eit anna menneske å sjå. Ikkje eit einaste dyr for den saks skuld. Likevel var denne skogen det mest levande eg hadde opplevd til då. Eit yrande friskt planteliv omgav meg og gav meg energi, medan sola stakk gjennom greiner og løv og varma meg.

Vi sprang slik, eg veit ikkje kor lenge, men til eg var utslitt og lengre. Det var vanskeleg å halde auge med tida, og eg hadde ikkje noko klokke på meg, og visste ikkje kvar eg hadde gjort av den. Til slutt gav jenta teikn til at vi skulle stogge, og ho satt seg ned på ein mosegrodd stein attmed ein rennande bekk. Eg satt meg ned ein likeeins mosegrodd trestubbe rett overfor henne og kasta etter pusten. Eg var meir andpusten enn eg trudde.

Bekken rann muntert forbi oss, klår og rein, og den gurgla på eit vis som den berre gjer på film. Den rann over blankpolerte steinar, gjennom skogen, ikkje meir enn halvannen meter breid. Agathe bøyde seg ned og fylte handa med vatn, og drakk, og gjorde teikn til at eg kunne gjere det same. Eg forma hendene mine til ei ause og samla opp vatn som eg drakk litt av, og så meir. Og så henta eg meir og drakk det. Fleire gonger gjorde eg det. Vatnet hadde ein subtil søt smak, og kvar slurk fylte meg med energi. Eg var klar til å gå vidare, men Agathe stogga meg med ei handrørsle.

Ho forklarte korleis denne bekken gav liv til heile skogen rundt meg, ein enkel bekk som rann frå fjellet i nord til innsjøen i sør. Bekkens kjelde var å finne på toppen av fjellet, der menneske ikkje kan reise, der berre Gudane ferdast for å kommunisere med måne, sol og stjerner. Bekken renn frå deira velsigning, der Gudane har trått og valt å vaske seg før samkvem. Og slik bekken velsigner skogen, ville den no velsigne meg. Eg lytta stille og nikka, usikker på kva den rette reaksjonen på hennar skildring var.

Då eg ikkje svarte eller kommenterte vart det tyst. Berre lyden av bekken i lang tid. Ho stirra på meg, medan eg lata som om eg ikkje la merke til det og såg ein heilt annan veg. Eg lot mine auge kvile på eit tre som strakk seg opp mot himmelen over oss. Store greiner som strakk seg ut i alle retningar, med ubeskrivelege grøne lauv, skygga for den skarpe sola. Eg satt slik ei stund, før ho på ny gav teikn til at vi skulle bevege oss.

På ny sprang vi gjennom skogen, etter å ha hoppa over bekken. Gjennom greiner og kratt sprang vi, til skogen løsna opp rundt oss og vi var på ei stor grøn slette. I nord kunne eg sjå eit fjell reise seg opp av skogen, og framfor oss låg ein bakketopp og opp den bar det. Derifrå kunne eg sjå innsjøen ho hadde fortald om, og ein leirplass full av menneske. Ho peika mot menneska. Og sprang i den retninga. Eg følgde lydig etter, for kva anna kunne eg gjere på dette tidspunktet? Kva anna ville eg gjere?

Vel framme vart vi plassert langs eit langbord av stein, der maten allereie var servert. Det var viltkjøt av all slag, brød, frukt og krydderkaker. Vatn, vin og mjød vart servert attåt. Kvar gong eit serveringsfat var tomt dukka det opp eit nytt, bert av stille tenarar. Ved bordet hadde vi selskap av ein stad mellom tjue og tretti andre menneske, alle i par – ei kvinne og ein mann – og alle var kledd like minimalt som meg og Agathe. Samtalene var kviskra, og ingen møtte blikket mitt. Eg trur ikkje nokon såg kvarandre i auga. Det låg ei trykkande forventing i lufta, oren av den vinden som no kom frå fjellet i nord. Eg lukka auga og spiste maten. Kvar saftige bit gav meg styrke, og vinden gav meg ro. Som kjærlege fingrer over panne og kinn.

Brått kunne eg kjenne ein enorm varme frå sida, og der kunne eg sjå ein flamme som vaks opp av bakken i utkanten av leirplassen. Ein flamme som steig opp mot himmelen og breida seg ut til alle sider og vart eit leirbål. Dette signaliserte at måltidet var over, for alle reiste seg og byrja å gå mot bålet. Eg ville slå følgje, men Agathe haldt meg att. Vi skulle vidare, fortalde ho. Opp på ein nærliggjande bakketopp.

Når vi hadde klatra opp på bakketoppen var det byrja å verte mørkt, ved leirplassen kunne eg sjå at para hadde byrja å danse rundt bålet som låg ved foten av det store fjellet. Fjellet ruva høgt opp mot himmelen no, og månen hadde såvidt byrja å lyse over kanten. Agathe vendte mi merksemd den andre vegen, mot innsjøen som strakte seg på langs framfor meg.

Ved breiddane på andre sida kunne eg sjå dei enorme tårnene i byen der strekkje seg opp mot himmelen. Den tapte by Carcosa, kringsatt av tåke. Eg minnast med gru den dag eg til slutt traff byens berykta konge. Andlet til andlet. Andlet til maske. Kven av oss som bar maska er eg framleis i tvil om.

Breidda på vår side av innsjøen var stille og roleg, og ein kvit sandstrand strakk seg langt mot aust. For lenge sidan satt Maulana Altaf Hussain Hali ved denne breidda og skildra tidevatnets rørsler, og sjølv første gong eg såg den ønskte eg instinktivt å gjere som han og vasse barbeint i fjæra. Hali sin innsjø har alltid hatt ein spesiell stad i mitt hjarte, sidan den gong eg såg den i det gryande månelyset, eit rike separat frå dei monolittiske tårn i Carcosa, og dei tyngande søylegongane på fjellet i nord.

På ny kunne eg kjenne vinden mot andletet, den kasta håret mitt til side og omfamna meg. Dette var det ho ville vise meg. Ho forklarte meg at dette var min vind. Vår vind. Vår nyfødde vind, som vi hadde skapt i dansen natta før, slik alle verdas vinder vert skapt. Og eg forstod ho hadde rett. Det var ein ny vind, og den smakte ferskt når eg svelgte den ned. Den kilte nase, hals og lunge. Den tumla nøgd rundt meg og i meg som eit leikande barn. Latteren brast ut, og om ho ikkje hadde haldt meg attende hadde eg kasta meg ut i vinden og flydd av garde med den.

Nede på leirplassen hadde no dansen rundt bålet tatt seg opp. Og eg kunne høyre fløytespel, trommer og lut, men høgare enn det att kunne eg høyre noko meir overraskande: Lyden av protest. Skrikande protest. Eg anstrengte meg for å sjå kva som skjedde, og ensa berre såvidt Agathe som observerte meg ved mi side.

Der. Blant dei dansande kunne eg sjå ein person verte haldt fast. Haldt kneståande, med hovudet vendt mot flammane som slikka han, eller henne, faretruande nær. Etterkvart som dei dansande passerte slo dei ut med armane, og det glinsa i kniver og klør som kutta den motvillige over ryggen. Kvart eit slag vart møtt med gledesrop, og ein einsleg protest. Eg såg mot Agathe, og eg spurde i vantru kva som foregjekk. Og som før, angra eg med ein gong.

- Dette er ikkje din dans. Ikkje enno. Du har dansa din første dans, vindens dans no. Blodets dans ventar til ein annan gong.

Orda vart brent inn i meg, og eg visste då at eg ikkje kunne snu. Kva enn sti eg hadde byrja på, måtte eg følgje til ende. Om enda var den eg såg der, kunne eg umogleg vete då, men eg veit no at langt meir grusomme ting ville møte meg før eg kunne sjå slutten.

Ho haldt fram å forklare, med roleg stemme og det lure smilet ho hadde vist den same morgonen. Ho forklarte at eg hadde dansa den same dans som fleire før meg og valt stien som for alltid ville separere meg frå andre. Stien som ville gjere meg til eit verkty for Gudane sjølv. Mine tankar gjekk med ein gong til dei formlause figurane hogd inn i steinstøtta eg vakna ved, og eg grøssa. Ho fortalde at eg hadde dansa same dans som før meg hadde blitt dansa av Shakespeare og Rasputin, eg hadde drukke av same bekk som Crowley og Blavatsky, eg hadde spist same måltid som Chambers, Machen og den 18. baronen av Dunsany, eg hadde følt min nyskapte vind på same vis som mannen frå Nazareth, Omar Khayyam og Burroughs, og eit utal menneske gløymd av historia. Og dette ville for alltid skille meg ut, men for denne gong var mi reise over.

Og med eit smil, og eit kyss vart alt mørkt, berre i det fjerne kunne eg høyre dødsrallet til eit menneske overlatt ved makt til dei svoltne flammane.

Eg kom til meg sjølv, naken og åleine, i mi eiga seng. Omkransa av lukta av friske barnåler og jasmin. Dei første dagane var eg forvirra, og eg vart ikkje mindre forvirra av å spørre bekjende om kva som hadde skjedd med meg den kvelden. Dei hadde tykt det var litt merkeleg at eg hadde forsvunne ut av lokala med ein yngre mann i armane, men dei var klare på at dei ikkje ville dømme meg.

Då høvet bydde seg spurde eg henne sjølv, kva det skulle tyde, men ho berre smilte. For ho kom sjølvsagt att. Gong på gong. Og kvar gong var det ein ny dans. Noko nytt ho skulle vise. Og over tid lærte eg hennar grusomme gudar, og fjellet i nord betre å kjenne enn nokon burde ønskje. Og byen i sør, ved innsjøen til Hali, kom for alltid til å dominere mine draumar. Likevel kunne eg aldri sleppe taket. Eg måtte følgje med kvar gong. Sjølv om det slukte heile mitt liv. Og kvar gong vart prisen høgare og høgare. Kvar gong ba ho om ein høgare pris, kvar gong forlangte Gudane sitt. For innreise til Agharte er berre unna dei som er villige til å ofre alt.

For henne, som ikkje heiter Agathe, som ikkje heiter noko eg kan klare å uttale, vaska eg mine hender i blod. Gong på gong.

Til ho forlot meg for siste gong. Etter mitt siste spørsmål. Spørsmålet ho lot stå ubesvart. Kva no?

Kva no? Eg smakar den gamle vinden i munnen, og eg undrar meg kven sin vind dette er. Er det den vi skapte den første natta? Den første av mange netter. Den virker tung, og full av skuldkjensle. Sliten. Like sliten som eg er sjølv. Eg har fulgt vegen til ende, og eg har ingen fleire stader å flykte til. Bak meg kan eg høyre blodhundane gøy, dei har plukka opp sporet etter meg, og med seg har dei myndigheitane. Hemn og rettferd skal innkrevast, og eg står klar til å gjere eit siste offer. Her i skogen der ho forlot meg.

_____

Forfatteren: Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist av utdanning, utøvande frilansskribent og livssynsmessig vrang. Som fast redaksjonsmedlem for Pegasus, redaktør for nyhendesida n4f.no, og bidragsytrar til mellom anna Fri Tanke og Forskning.no, opererer han der populærkultur, det politiske, og det absurde møtast. Han er hovudansvarleg for det burleske selskapet Absalong i Bergen og er til dagleg tilsett ved Universitetet i Bergen, der han forlystar seg med byråkratiske gjeremål. Han kjemper ein dagleg kamp mot pandaenes komande terrorvelde, Pandamonium, og bloggar tidvis om dette og anna svada på Ïa! Ïa! Hastur Fthaghn!

_____